Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Helselag

Den tidlegare gamle- og sjukeheimen i Grovene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den tidlegare gamle- og sjukeheimen i Grovene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Helselag vart skipa 1905, og heitte fram til 1938 ”Førde frivillige fattig og sykepleieforening”.
I 1925 kjøpte laget den gamle prestebustaden i Førde og bygde den opp att som gamle- og sjukeheim og fødestove i Grovene. Huset hadde også ei lita operasjonsstove. Laget bygde i 1964 Førde sjukestove saman med Førde Røde Kors. Her var det m.a. eiga fødestove som også grannekommunane fekk nytte av. Huset vart utvida med helsestasjon i 1967, aldersheim i 1972 og pensjonistheim i 1978. Laget stod i mange år for drifta av helsetunet, før kommunen tok over bygget i 1995 og bygde ny sjukeheim på tomta i 2003. Ved sjukeheimen vart det bygd terapibasseng i 2005.

Førde Helsetun. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Helsetun. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2010