Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Volleyballklubb

Førde har utvikla seg til å bli volleyballhovudstaden i Norge. Her er nokre av supporterane på cupfinalen i 2012. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Førde har utvikla seg til å bli volleyballhovudstaden i Norge. Her er nokre av supporterane på cupfinalen i 2012. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Førde Volleyballklubb vart skipa i 1974. Laget har fleire gonger vorte noregsmeistrar i aldersbestemte klassar.

Forløparen til Førde Volleyballklubb var jente- og gutelaga som vart starta ved Førde Gymnas av Herman Johansen i 1969. Gymnaslaga deltok i seriesystemet før sjøløve klubben vart starta i 1974. Inge Andersen var trenar og ein sentral person i drifta av klubben på 1970-og 1980-talet då Merita Hjelmeland og Vølstad-syskena var faste spelarar på landslaga.

Førde VBK samla til peptalk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde VBK samla til peptalk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Herrelaget fekk bronse i Norgescupen i 1981. Magne Hornnes var trenar for elitelaget frå midten av 1980-talet. Han fekk i 1993 starta Volleyballskulen som er eit samarbeidsprosjekt mellom dei vidaregåande skulane i Førde. I 1994 deltok eit lag frå Førde i skule-VM i Paris der dei kom på 11-plass i turneringa.

Eliteserielaget til Førde Volleyballklubb (på motestt side av nettet) på heimebane i Førdehuset. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Eliteserielaget til Førde Volleyballklubb (på motestt side av nettet) på heimebane i Førdehuset. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Cupmeister og seriemeister

I 2007 vart herrelaget til Førde Volleyballklubb norsk cupmeister etter å ha vunne over Tromsø i finalen. Sesongen 2007/2008 vart laget seriemeister i eliteserien. I 2011 vart Førde VBK cupmeister for andre gong etter å ha vunne 3-2 over Nyborg framfor 1400 tilskodarar i Førdehuset.

Spelarane på damelaget til Førde VBK jublar for poeng i cupfinalen 2012. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Spelarane på damelaget til Førde VBK jublar for poeng i cupfinalen 2012. Foto: Oddleif Løset, NRK.

To lag i eliteserie og cupfinale

I 2011 kvalifiserte også damelaget til Førde VBK seg for eliteserien, og i januar 2012 var både damelaget og herrelaget i cupfinalen, der damelaget tapte for Oslo Volley og herrane tapte for Nyborg. I sesongen 2012/2013 vart Førde VBK seriemeister i eliteserien for menn.

I sesongen 2013/2014 tok damelaget for første gong medalje i eliteserien, det enda med tredjeplass. Herrelaget tok sølvmedalje i serien og spelte seg til finalen i cupen, der det vart tap mot Tromsø.

I januar 2016 vart herrelaget til Førde VBK cupmeister for tredje gong etter å ha vunne 3-0 over NTNUI Volley i finalen i Oslo.

Spelarane og trenar Arild Undheim (med ryggen til) jublar for nok eit poeng. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Spelarane og trenar Arild Undheim (med ryggen til) jublar for nok eit poeng. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Ordførar Nils Gjerland overrekkjer blomar til spelarane etter at Førde VBK vart norsk meister i 2007. Foto: Ronny Brede Aase, NRK.

Ordførar Nils Gjerland overrekkjer blomar til spelarane etter at Førde VBK vart norsk meister i 2007. Foto: Ronny Brede Aase, NRK.

Førde Volleyballklubb har eit talrikt og svært entusiastisk publikum. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Førde Volleyballklubb har eit talrikt og svært entusiastisk publikum. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.01.2016