Forkynnarane frå Naustdal
Hans Nielsen Hauge gjesta Sunnfjord seks gonger. I tillegg til å vitje veneflokkane sine langs fjorden, reiste Hauge også oppover Naustedalen.
Det er truleg frå Naustdalen Hans Nielsen Hauge har reist over til Hyen og Gloppen, der Hauge-rørsla sto sterkt (sjå Historia i Gloppen).
Ein av dei fremste Hauge-venene i Naustedalen var Ola Sjursson Saveland, f. Kalland. Han var kommandersersjant i Bergen, men valde etter råd frå Hans Nielsen Hauge å slå seg til i heimbygda. I Naustdal vart han ein viktig kontaktmann for Hauge, saman med Bertel Nilsson Ullaland. Anders Haave frå Naustdal og Anders Redal frå Redalen vart dei fremste forkynnarane i Hauge-rørsla. Anders Redal reiste rundt som emissær i om lag 50 år. Anders Redal tok til å reise som forkynnar 15 år gamal, og vigde mykje av livet sitt til emissærtenesta.
Les også om: Haugianarane i Vevring og Naustdal.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 03.11.2008