Hopp til innhold
X
Innhald

Fornfunn i Hornindal

Bronsespenner frå yngre jernalder funne i ei kvinnegrav på Grodås. Foto: Arild Nybø, NRK.

Bronsespenner frå yngre jernalder funne i ei kvinnegrav på Grodås. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gravhaugar på Tomasgard

På Tomasgard låg det tidlegare fleire gravhaugar, men berre eitt gravfunn er kjent. I grava vart det funne eit sverd, to piler, kniv, spyd, ringnål, perle og leirkrukke frå yngre jernalder. Grava var ei såkalla branngrav frå yngre jernalder. På same garden vart det funne ei øks frå same perioden. På Ytrehorn fann ein på 1850-talet restar etter ei gamal stavkyrkje frå mellomalderen (sjå ”kyrkjer”).

Steinkransane på Grodås

På garden Grodås låg det tidlegare to steinkransar i marka. Under den eine kransen fann ein merke etter ei branngrav, men ein fann ikkje gjenstandar. Under to steinheller i den andre kransen var det tydelege merke etter ei branngrav, og under hellene i botnen låg restar av ei kvinne frå yngre jernalder. Ho hadde fått med seg eit par spenner, eit skrin med nøkkel, grovt og fint tøy og litt sysaker i grava. Ved alders- og sjukeheimen på Grodås er det funne ei øks frå merovingartida og fleire bollar av kleberstein. Ved Årane, der landingsplassen ved Hornindalsvatnet låg på Grodås, vart det funne eit sverd som skriv seg frå yngre jernalder.

Gravhaugar på Maurset

På Maurset har ein registrert fleire gravhaugar og graver frå jernalderen (500 f.Kr.f. til ca. 1050). I ein av haugane fann ein ei utbrend kvinnegrav. Kvinna hadde fått med seg to ovale spenner, ei likearma spenne, nålehus og perler av rav, glas og jet.

Gravfunn på Bakke

På garden Bakke i indre Hornindal har det gjennom fleire tiår vorte gjor tfunn som viser at garden har eksistert sidan vikingtida. Her er det funne eit sverd, spyd, øks og ein kniv som alle må ha stamma frå ei brend mannsgrav.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.02.2011