Hopp til innhold
X
Innhald

Forsikra svigerfaren og drap han

Like før påske i 1978 vart ein tidlegare forretningsmann frå Stryn funnen drepen i villaen sin som låg einbølt nede ved fjorden eit stykke vest for Stryn sentrum.

Mannen vart funnen på badet, men etterforskinga viste at han mest truleg var drepen på soverommet. Det var lenge eit mysterium kva som hadde hendt, inntil svigersonen som budde i Oslo freista å få ut eit større forsikringsbeløp som var teikna på den avdøde.

Det viste seg at forsikringa var teikna på offeret, med svigersonen som begunstiga. Svigersonen tilsto då å ha reist eins ærend til Stryn i det ærendet som enda med drap.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018