Hopp til innhold
X
Innhald

Forsøksgarden på Fureneset

Forsøksgarden Bioforsk Vest Fureneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forsøksgarden Bioforsk Vest Fureneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Statens forsøksgard på Fureneset vart starta i 1939, då Staten kjøpte tre bureisingsbruk og slo dei saman til eigedomen slik vi kjenner den sidan.

Forsøksgarden skulle verte eit senter på Vestlandet for forsøk og forsking på grovfôrproduksjon (grassortar), gjødsling og jordsmonn. Seinare har forsøksgarden drive mykje med planteforedling, og i dei siste åra har kulturlandskapspleie og hjorteskadar på innmark vorte viktige arbeidsfelt. Forsøkgarden heiter no Bioforsk Vest Fureneset, har 13 tilsette - av desse er seks forskarstillingar.

I 1990 vart kontor- og laboratoriebygningen totalskadd av brann, og erstatta med nybygg som stod ferdig i 1994.

I 2015 vedtok styret i Bioforsk å legge ned forsøksgarden på Fureneset, men vedtaket vart overprøvd av Landbruksdepartementet, slik at forsøksgarden får leve vidare med litt redusert bemanning.


Driftsbygning og drivhus på Fureneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Driftsbygning og drivhus på Fureneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2015