Hopp til innhold
X
Innhald

Første fylkestinget på Tross

Tross ca. 1865. Tingstova er den toetasjes bygningen midt på biletet. Til høgre skjenkestova. Foto: K. Knudsen

Tross ca. 1865. Tingstova er den toetasjes bygningen midt på biletet. Til høgre skjenkestova. Foto: K. Knudsen

På den gamle gjestgjevarstaden Tross sto det også ei tingstove. I denne tingstova var det ei viktig hending den 30. juli 1838: Det første fylkestinget i Sogn og Fjordane. Nordre Bergenhus Amt vart skipa i 1763 då fullmektig hos stiftsamtmannen i Bergen, Joachim de Knagenhielm etter mykje mas fekk frådelt Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane) som eige amt frå det store Bergenhus Stiftsamt. Knagenhielm styrde amtet frå det gamle ættesetet til Knagenhjelm-slekta i Kaupanger (sjå: Historia i Sogndal). Men frå han slutta som amtmann i 1771 og fram til 1840 budde amtmennene for Nordre Bergenhus i Bergen og styrde «nordfylket» derifrå.

I 1840 flytta amtmann Christian Ulrik Kastrup til Lærdalsøyri og busette seg der. Embetssetet vart verande på Lærdalsøyri fram til 1862, då det vart flytta til Hermansverk.

I 1837 kom formannskapslovene som opna for kommunalt sjølvstyre og folkevalde styringsorgan på fylkes/amtsnivå.

Slik ser det ut i dag, huset der det første fylkestinget vart halde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Slik ser det ut i dag, huset der det første fylkestinget vart halde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I juli 1838 kalla amtmann Christian Ulrik Kastrup saman 22 ordførarar frå heile fylket til det første fylkestinget på Tross. Ordførarforsamlinga var sterkt prega av embetsfolk og lokal overklasse: ni av ordførarar var prestar, tre offiserar, to advokatar og to var handelsmenn. Også futane i Sunnfjord og Nordfjord og futen i Sogn var til stades. Prost Niels Griis Alstrup Dahl frå Eivindvik vart valt til oppmann (formann) i det første fylkestinget.

Det fortel litt om amtmannen si sosiale stilling at Dahl tiltala Kastrup med «Deres Høivelbaarenhed» då han takka for vervet som «fylkesordførar»! Budsjettarbeidet på dette første fylkestinget var prega av nøysemd og spareiver, noko som m.a. førde til eit svært magert vegbudsjett.

I 1988 samlast fylkestinget på Tross på nytt for å feire 150-årsminnet for det første fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Tross i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tross i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2013