Hopp til innhold
X
Innhald

Fortun Ungdomslag

Ungdomshuset Solvang i Fortun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomshuset Solvang i Fortun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fortun Ungdomslag vart skipa kring 1900. Men laget låg nede nokre år, og vart skipa på nytt i 1925. Laget fekk overta det gamle skulehuset i bygda - under føresetnad av at det ikkje vart dansa der!

I 1941 overtok laget ei gamal brakke som sto att etter Sogns Elektrostaalverk og bygde det om til ungdomshus. Sjå: Industridraumar i Fortun.

Under Fortun-utbygginga på slutten av 1950-talet vart dette huset rive, og ungdomslaget fekk det erstatta med nytt ungdomhus - Solvang - som stod ferdig i 1958.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011