Hopp til innhold
X
Innhald

Fossekjøpar-tida i Luster

Feigumfossen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Feigumfossen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I tiåra kring førre hundreårsskifte voks det industrialiserte Noreg fram. Dei nye fabrikkane vart drivne med elektrisk kraft frå dei norske vassfalla. Einbølte vestlandsbygder fekk i desse åra vitjing av ei ny gruppe taleføre spekulantar. Det var fossekjøparane som hasta rundt for å kjøpe fallrettar til spottpris for så å verte styrtrike på vidaresal av ressursane. Nokre av dei største fossekjøpa i fylket gjorde konsul Harald Larsen. Han kjøpte fossekrafta kring Høyanger og mest heile Fortunvassdraget i Luster. I 1917 kjøpte to utflytte menn frå Røneid og Hafslo, grosserar og skipsreiar Jacob Jacobsen Molland og advokat Erik Fraas, fallrettane i Jostedalselvi og Leirdøla.

Feigum vart først kjøpt opp

Feigum-vassdraget med den 218 meter høge Feigumfossen var det første vassdraget i Luster som vart kjøpt opp. Det vart i 1907 selt av grunneigarane til Hjalmar Johansen for 60.000 kroner.

Spekulant

Johansen var yrkesmilitær, men satsa som så mange andre spekulantar på den tida på å gjere raske pengar på oppkjøp og vidaresal av fallrettar. Desse karane vart med rette kalla «fossespekulantar». Johansen hadde også drive oppkjøp av fallrettar på Austlandet, kring Voss og i Mauranger i Sunnhordland. Det var nok den store fallhøgda på Feigumfossen som lokka den første oppkjøparen dit.

Bygde inntil kraftkjelda

Før ein hadde teknisk utstyr til overføring av kraft over lengre avstandar, måtte kraftstasjon og fabrikk og kai byggjast så å seie vegg i vegg for å unngå krafttap.

Dette kunne ein få til i Feigum, der fossen ikkje ligg så langt frå fjorden. Men likevel: Det er ikkje kjent om Hjalmar Johansen og hans selskap gjekk med planar om industri i Feigum. Feigumfossen er seinare verna mot utbygging.

Nokre av dei største fossekjøpa i fylket gjorde konsul Harald Larsen. Etter store oppkjøp kring Høyanger, kjøpte han m.a. det store Fortun-vassdraget i Luster i 1905-1906 - sjå: Fortun-utbygginga.

I 1917 kjøpte så to utflytte karar frå Røneid og Hafslo - grosserar og skipsreiar Jacob Jacobsen Molland og advokat Erik Fraas - fallrettane i Jostedalselvi og Leirdøla - sjå: Jostedals-utbygginga og Leirdøla-utbygginga.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.04.2011