Hopp til innhold
X
Innhald

Fråhaldsfolk i Vik

Fråhaldsrørsla stod sterkt i Vik kring 1900. Frå 1885 og fram til 1948 er det registrert 19 fråhaldslag i kommunen - og dei fleste vart skipa i tida frå 1899 og fram til 1. verdskrig. Fleire av laga var «barnelosjar».

På Vangsnes vert det fortalt om fråhaldsfolk som nekta folk å skjere nokre få lauvris i skogen deira når dei skulle bryggje øl. Då ein annan var i gjestebod der det vart servert konfekt med alkohol-smak, braut han konfektbiten av og la den demonstrativt frå seg urørd på tallerkenen! I Vik Totalsafholdsforening, skipa 1885, vart det ført namnelister over medlemer «som tildels efter løse rykter ikke er å tro». Namna på desse vart førde i protokollen, og «alle disse skulde tales ved».

Fråhaldslaga i Ytre Sogn gjekk saman i eit krinslag i 1912. Krinslaget blanda seg sterkt opp i partinominasjonen til Venstre ved Stortings-vala, der dei kravde å få sine folk med på listene.

Domstol over «fråfalne»

Fråhaldslosjen «Vikingskjold» vart skipa i Vik i 1911 etter optak frå Hans Grov. Denne losjen var like nidkjær i jakta på fråfalne som Vik Totalsafholdsforening. Ei eiga domsnemnd straffa dei som vart tekne.

I 1911 vart det ført regelrett «rettssak» med vitne og det heile mot ein kar som hadde drukke litt akevitt og heimebrent. Vedkomande ungdom møtte ikkje til «rettssaka», men vart likevel dømd til utestenging frå losjen i fleire veker. Ein annan «syndar» vart i 1916 ekskludert for «gjentagne ganger aa ha vist sig beruset inde paa offentlig butik (Rivedals), saavelsom nede på damskipsbryggen». Losjen vart nedlagd i 1957.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018