Francis Olsen - ein merkverdig mann

Francis Olsen med fana der det sto:

Kring 1900 budde nokre år ein underleg kar i Vik som heitte Francis Olsen, innvandra frå Amerika. Han bygde eit par merkelege båtar. Den eine hadde utriggarar på sidene. Den andre vart driven med skovlar, var flat i botnen og vart kalla «Koggen».
I Vik kledde han seg i drakt av bukkeskinnsdrakt. Den var sjeldan av kroppen på karen, og lukta var deretter!
Kristen tropeøy
Francis Olsen var sterkt religiøs og la planar om å skape eit kristent idealsamfunn. Det skulle han byggje på ei tropeøy i Indonesia. Der ville han fordrive dei innfødde slik at hans eiga sekt kunne ta over.
På ei fane som Olsen fekk laga, var det skrive: «Gud velsigne Nordens Folk. Utrydde Dårskap, kjønsdans, rusdrik, tobakk, hevn, hate. Give os edruelighed, frihed, lykke, fred. Amen.»
Olsen verva folk i bygda til Indonesia-prosjektet - men heldigvis for dei innfødde, så kom han seg ikkje avgarde!

Ein av dei spesielle båtane Francis Olsen bygde. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 20.07.2011