Hopp til innhold
X
Innhald

Fresvikgodset

Fresvik. © Sognafoto.

Fresvik. © Sognafoto.

Fresvik er den austlegaste bygda i Vik kommune, og høyrde fram til 1992 til Leikanger kommune, saman med Feios og Frønningen. Bygda ligg vakkert til i ei lun bukt under høge fjell, og med Fresvikbreen mot sør. Her låg heilt fram på 1800-talet ein av dei store jord- og skogeigedomane i Sogn og Fjordane.

I nokre skrifter vert dei største eigedomane i Fresvik kalla Fresvik-godset. Men noko gods i eigentleg forstand, slik ein omtala store jordeigedomar t.d. til adelsslekter i mellomalderen, var det ikkje. Fleire eigarar av store jordeigedomar – også i Sogn – pryda seg gjerne med tittelen ”godseigar” utan at dette hadde noko adeleg opphav. Slik også for dei store jord- og skogeigarane som rådde i Fresvik fram til midten av 1800-talet.

I bygda har det budd storfolk heilt frå jernalderen: Ein gullring funnen på Bøthun provar det. På garden Hov stod det gamle gudehovet. I eldre tider var dei 11 gardane sjølveigde odelsgardar, men frå 1400-talet vart det meste av Fresvik herregods, med unntak av kyrkja sine eigedomar.

Fresvikgodset femnde i mellomalderen over store område frå Dyrdal ved Aurlandsfjorden og vestover til og med Feios. Vi må rekne med at storskogen kring Fresvik og reinveidinga i høgfjellet kring Fresvikbreen hadde stor næringsmessig betydning for dei som åtte godset - sjå: Reinveiding i fjellet.

HISTORIA OM FRESVIK-GODSET:

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018