Hopp til innhold
X
Innhald

Fridtjof den frøkne på Vangsnes

Fridtjof den frøkne. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fridtjof den frøkne. Foto: Arild Nybø, NRK.

På Vangsnes står kolossalstatuen av saga-kongen Fridtjof den frøkne. Den er 10,5 meter høg, og på 12 meter høg sokkel strekkjer den seg 22,5 meter til vers.

Statuen er lett synleg der den står i himmelsjå ute på Vangsnes - det som tidlegare skal ha heitt Framnes og m.a.- gav namn til den første «fylkesbaaten».

Segna om Fridtjof

Kong Fridtjof var etter segna son av Torstein Vikingson som skal ha budd på Vangsnes, og det islandske sagaskriftet frå 1300-talet la i 1820 grunnlaget for Esaias Tegnérs romansuksess «Fridtjofs Saga».

Keisar Wilhelm og vikinghelten Fridtjof

Ein av dei som las boka og let seg begeistre, var keisar Wilhelm II av Tyskland, som i 1913 fekk kosta og reist Fridtjofstatuen. Statuen er forma av den tyske kunstprofessoren Max Unger, vart frakta til Vangsnes i 15 delar og reist av 100 tyske marinesoldatar. Både etter 1. og 2. verdskrig var det på tale å rive statuen, men den fekk likevel stå.

Ville ha hotell

I samband med avdukinga av Fridtjof-statuen i 1913, arbeidde arkitekt Sigurd Lunde frå Bergen aktivt for å få reist eit stort turisthotell på Vangsnes. Hotellet skulle ha innpå 200 senger og vere basert på heilårsdrift. Lunde hadde også store planar om eit hotell i Vik, men ingen av hotella vart noko av.

Dette biletet frå 1913 viser dimensjonane på statuen. Jenta poserer ved den høgre armen til Fridtjof før den blir heisa opp og montert. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dette biletet frå 1913 viser dimensjonane på statuen. Jenta poserer ved den høgre armen til Fridtjof før den blir heisa opp og montert. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gravhaugar på Vangsnes

På Vangsnes ligg det fleire gravhaugar. Ein av dei skal etter segna vere haugen til Torstein Vikingson. I ein gravhaug i Brennehagen er det m.a. funne restar av sverd, og smykkesteinar.

Tusenårsstad og CD

Arne Inge Sæbø har skrive eit hefte om Fridtjof og om gjevaren keisar Wilhelm II, og «Fridtjovssoga» i ord og musikk er spela inn på CD av «Fridtjofteatret» i Vik.

Fridtjofstatuen er Vik kommune sin tusenårsstad.

Fridtjof skodar over Sognefjorden mot Balestrand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fridtjof skodar over Sognefjorden mot Balestrand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.06.2011