Hopp til innhold
X
Innhald

Frønningen

Hovudhuset på Frønningen. Foto: Vilhelm Rumohr.

Hovudhuset på Frønningen. Foto: Vilhelm Rumohr.

Frønningen-godset er den største skogeigedomen på Vestlandet: Av det samla arealet på 65.000 dekar er omlag 50.000 dekar skog.

I ei sak frå 1593 går det fram at den norske adelsmannen og kanslaren Hans Pederssøn til Sem i Vestfold eigde Lagmannsåsen - dvs. fjellplatået på Frønningen, der den eldste busetnaden var. Han hadde truleg arva eigedomen frå mora, fru Inger til Austrått. Hans Pederssøn døydde i 1603, og eigdomane vart selde. Kring 1630 dreiv rike borgarar i Bergen sagbruk der.

Hans Sørensen Lem.

I 1647 kom Lem-slekta som eigarar av Lagmannsås. Denne slekta kjem opphaveleg frå Brügge i Belgia, og stamfaren til den norske slektsgreina var fut i Brunlanes, Nils Pedersøn Lem. I 1651 fekk sonen Peder Nilssøn Lem (1617-1676) også skøyte på Frønningen, dvs. eigedomane nede ved sjøen.

Hans Sørensen Lem.

Hans Sørensen Lem.

Men langt inn på 1700-talet styrde Lem-folket Frønningen-godset med forpaktarar. Den første godeigaren som slo seg ned der var Hans Sørensen Lem (1714-1781) i 1740. Kona Sophie Christine (1728-1759) kom frå ei anna kjend Sogneslekt: Heiberg.

I 1745 bygde Hans Sørensen Lem eit stort herskapshus i to etasjar på godset. Dette huset vart rive i 1900 og gjenreist som bustadhus på garden Uppigarden på Voll (sjå Gamle bygningar i Lærdal). I staden bygde Rumohr det storslagne våningshuset som står i Frønningen idag. Han bygde også eit stort sagbruk. Les meir i artikkelen Sagbruka på Frønningen.

Frønningen var fast stopp for rorskarane på postrutene på Sognefjorden, og i 1842 kom Ivar Aasen til Frønningen med ein av postbåtane frå Klevold (sjå Postrutene langs Sognefjorden). Han overnatta hjå godseigaren i Frønningen før han heldt fram studieferda si til Lærdalsøyri. Heilt frå Fylkesbaatane starta si første rute på Sogn i 1858, sytte godseigaren på Frønningen for at bygda fekk rutestopp.

Lem-slekta vart gifta saman med andre riksmanns-slekter i Sogn - m. a. Rumohr-slekta på Rikheim i Lærdal (sjå også: Storgarden Rikheim), og frå 1869 overtok Rumohr på Rikheim Frønningen-godset då Hans Sørensen Lem (1815-1869) døydde barnlaus. Utbygging av eit nytt, stort sagbruk i 1885 skapte mange nye arbeidsplassar. Bygda fekk relativt stor tilflytting.

Lagmannsås på Frønningen med tømmerfløyting på 1950-talet. Foto: O. Nagell Nicolaysen. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lagmannsås på Frønningen med tømmerfløyting på 1950-talet. Foto: O. Nagell Nicolaysen. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Frønningen i nyare tid

Tidleg på 1900-talet talde grendene på Frønningen over 100 personar, men var i 2001 kome ned i omlag 20 fastbuande. I første halvdel av 1900-talet vart det gjort forsøk på drift av ei sølvgruve i Buadalen, og og i ei gruve omlag 100 frå sjøen på Solsnes vart det drive ut jernmalm.

Milorg på Frønningen

I dei siste vekene av 2. verdskrig i 1945 heldt Milorg-gruppa «Siskin» til i Frønningen, der den hadde store våpenlager i gruva på Solsnes, og bygdefolket hjelpte m.a. til med brødbaking og annan proviant.

Ny veg

Ny køyreveg frå sjøen til Frønningåsen vart bygd i 1968.

Frå Leikanger til Lærdal

Frønningen høyrde fram til 1992 til Leikanger kommune. Då vart bygda innlemma i Lærdal kommune, samstundes som Feios og Fresvik vart skild frå Leikanger og lagde til Vik.

Utleige av hytter og jakt

Bygdefolket skipa Frønningen Grendalag i 1991. Det har gjort ein stor innsats for skape nye arbeidsplassar og å berge infrastruktur som rutesamband og skule. Frønningen Turistservice starta m.a. eigen restaurant i 1998, og driv også ein liten landhandel ved kaia. Turistar får omvising på den gamle oppgangssaga, i det store herskapshuset og i dei gamle Sognehusa som kunstnaren Knut Rumohr har samla på gardsmuseet.

Utleige av hytter og jakt

I dag er det son til Knut, Vilhelm Rumohr, som eig Frønningen. Gjennom selskapet Frønningen Skog driv han utleige av hytter og hus og utleige av jakt. Sidan Lærdalstunnelen opna i 2000, har bygda hatt ferjesamband til Kaupanger annankvar dag, og har elles skipa eige båtselskap som driv bygderute og charter-trafikk.

På dette flyfotoet ser vi dei store skogviddene på Frønningen. Øvst i biletet ser vi Sogndal Lufthamn på andre sida av Sognefjorden. © Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesarkivet.

På dette flyfotoet ser vi dei store skogviddene på Frønningen. Øvst i biletet ser vi Sogndal Lufthamn på andre sida av Sognefjorden. © Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesarkivet.

Les meir om storgarden Rikheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011