Hopp til innhold
X
Innhald

Fruktpionérane i Fuhr

Dei første frukt- og bærtrea kom til Sogn alt i vikingtida: I ei vikinggrav på Ornes vart det funne godt bevarte krisebærsteinar då grava vart opna på 1800-talet. Kirsebæra må såleis ha vorte lagde i grava i tida 800-1000 e. Kr. Sjå: Kjærleikssoga om dottera på Ornes og Vetti-kongen.

Frå Vik er det skriftlege kjelder om epledyrking frå 1201, då ein «aldinhagi» - dvs. eplehage - vert omtala. Sjå: Vik - pionérbygda for frukt i Sogn.

Planta frukttre

I 1664 vert det nemnt at folk i Kroken kunne kunsten å pode frukttre. Frå 1743 er det kjent at det vart dyrka både epler, plommer, kirsebær og stikkelsbær i Luster.

Bonden Jens Christensen Fuhr skal vere den første som planta ein større frukthage i Luster. Det var kring 1660.

Seinare kom Ola Sjurson Fuhr som bonde i Fuhr (garden også skriven som Får). Han planta kring 1770 ein stor frukthage, dyrka mykje frukt for sal. Ola Sjurson Fuhr avla årleg 100-150 tønner frukt og var truleg den største fruktdyrkaren i Sogn på den tid. I 1780 fekk han 10 riksdalar i premie for dyrking og fordi han hadde planta 171 frukttre. Det kjende Fuhr-eplet kjem frå garden til Ola Fuhr. Han starta også planteskule og leverte plantar vide ikring til fruktdyrkarar i Sogn.

Laga vin

Frå Fuhr kom også amtsgartnar Sjur M. Fuhr. Sonen hans var Mons Fuhr, som bygde opp Grimstad Gartneri og dreiv ein etter måten stor vinproduksjon. Det mest kjende merket til denne vinprodusenten var den vermout-liknande fruktvinen «Fuhr Fino».

Naturen i Luster kan vere gåvmild. Her blir mange bører med molter reinska.

Naturen i Luster kan vere gåvmild. Her blir mange bører med molter reinska.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.04.2011