Hopp til innhold
X
Innhald

Fute- og offisersgarden Flesje

Flesje. Foto: Arild Nybø, NRK.

Flesje. Foto: Arild Nybø, NRK.

Ved ei lun bukt om lag fem kilometer vest for Balestrand ligg eit staseleg herskapshus i to etasjar. Dette er den gamle fute- og offisersgarden Flesje.

Fram til 1856 gjekk postruta som vart rodd på Sognefjorden opp om Flesje, og dampskipa gjorde seinare stogg på fjorden for å ekspedere posten til Flesje. Murane langs fjæra er fint steinsette, og på neset framfor gardstunet sto i gamal tid ei saluttkanon som futen Blix nytta for å helse gjester velkomne til gards (same skikken hadde ein på Osen gard).

Futegardstida på Flesje

Det var Hans Blix som gjorde Flesje til futegard. I 1685 kjøpte han garden Tue og busette seg på Flesje. I 1790 overtok Askelund som futegard.

Offisersgard på Flesje

I 1774 kom Flesje på offisersslekta Meidell sine hender. Flesje var i Meidell-slekta si eige fram til 1951. I dag er det sivilingeniør Rune Andersen frå Leikanger som eig Flesje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011