Hopp til innhold
X
Innhald

Futegarden Bruland

Hovudhuset på futegarden er frå kring 1750. Som vi ser er ”baksida” måla raud, i pakt med tradisjonen. Årsaka er at kvit måling i eldre tid var mykje dyrare enn raud og vart berre brukt på dei delane av husa som var mest synlege for folk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudhuset på futegarden er frå kring 1750. Som vi ser er ”baksida” måla raud, i pakt med tradisjonen. Årsaka er at kvit måling i eldre tid var mykje dyrare enn raud og vart berre brukt på dei delane av husa som var mest synlege for folk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Futen i Fjordane, Nikolai Lambrechts, kjøpte i 1789 garden Bruland omlag fire kilometer aust for Førde sentrum og flytta futesetet frå Svanøy til Førde.

Restaurering

Det same gjorde han med det staselege barokkhuset frå kring 1750, som tidlegare stod på adelsgodset på Svanøya (sjå Futesete og adelsgods). På Bruland budde futane for Sunnfjord og Nordfjord fram til embetet vart lagt ned i 1898. Futegarden vart freda i 1924.

Restaurering

I 1989 kjøpte Per Eggen og Cecilie Castberg Eggen Futegarden og har restaurert den tilbake til sin opphavelege stand. For dette fekk dei fylkeskommunen sin Bygningsmiljøpris.

Godt bevart

Futegarden vert rekna som ein av dei best bevarte embetsmannsgardane på Vestlandet.

Futegarden på Bruland.

Futegarden på Bruland.

Futane som budde på Bruland var:

  • Nikolai Lambrechts 1879-1788
  • Nils Christian Kjerboe 1808-1827
  • Even Hanssen 1827-1833
  • Peter Christian Hvoslef 1834-1852
  • Jens Zetlitz Magnus 1853-1863
  • Karl I. Steen kst. fut 1864-1866
  • Johan Fredrik Sudmann 1866-1878
  • Gabriel Joachim Urbye 1879-1887
  • Othto Albert Blehr 1888-1889
  • Haakon William Tranaas 1889-1897
  • Futen Jens Hallandsfar eigde garden Hafstad og budde der som fut for Sunnfjord på 1500-talet.

Lensmannsgarden

Like ved Futegarden, på Brulandsbakken på andre sida av E39, låg fram til 1977 den freda lensmannsgarden. Då vart den riven (sjå elles om Falkenstein under Prestegarden på Skei). Bygget stod tidlegare på sorenskrivargarden Volden (sjå denne under Embetsgardane på Skei), og var truleg frå kring 1800.

Inngangsdøra på futegarden med innskrift på latin: Her bur fridomen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inngangsdøra på futegarden med innskrift på latin: Her bur fridomen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les om fleire gardar på: Embetsgardane på Skei

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.12.2010