Hopp til innhold
X
Innhald

Futen Gjøde Pederssøn vert godseigar

Fekk jord som takk

Gjøde Pederssøn eigde også Stedje gard, og fekk bytt til seg Kaupanger mot eit par gardar han hadde arva i Jylland. Gjøde utvida Kaupanger-garden mykje, og har fått «hovudæra» for at godset etter kvart talde 60.000 da., av dette 50.000 da. skog. I dag er godset på 50.000 da., av dette vel 200 da. innmark.

Fekk jord som takk

Segna seier at Christian IV som takk for Gjøde Pedersen sin innsats under Kalmar-krigen, let han få så mykje jord i Kaupanger som han greidde å ri rundt på ein dag.

Den meir sannferdige soga er at han utvida godset ved å ta ikringliggjande gardar i pant. Dette galdt m.a. Amla, Hovland, Olstad og Vangestad. I 1608 fekk han ved makeskifte også hand om storgarden Stedje.

Dobla eigedomsverdien

Då Gjøde Pederssøn selde Kaupanger-godset til Iffuer (Iver) Wind i 1636, hadde godset dobbelt så stor skyld som det hadde då Gjøde Pederssøn fekk hand om det i 1606.

Verste futen

Gjøde Pederssøn er - så langt det er kjent - truleg den verste danskefuten som har styrt i Sogn og Fjordane. Med knep, svindel og rå makt slo han under seg store eigedomar og andre verdiar. Han vart også skulda for eit par drap då kan rømde frå alt i 1611.

Kom tilbake

Men han dukka opp att i i 1627, tok tilbake eigedomane sine, vart fut på nytt og får forlating for det meste av det han var skulda for.

Les meir om den råbarka og fargerike futen Gjøde Pederssøn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.08.2011