Hopp til innhold
X
Innhald

Futen spøkte på Løken

På garden Løken i Olden stod det fram til 1899 ei gamal bud som vart nytta som tingstove i gamle dagar.

Segna fortel at ein forhatt fut ein gong vart slegen i hel i denne buda. Sidan spøkte den arme futen frå tid til anna der inne, og folk meinte at dei høyrde at det rasla i papir når futeskrømtet romsterte.

Elles vert det fortalt at gardbrukaren som budde på Løken for 300 år sidan, var ein velhalden mann. Han åtte ei sølvkanne og eit trau fullt av sølvpengar. Alle sølvpengane vart stolne av ein tjuv. Men for å verje seg mot forfylgjing, skulle tjuven ha lagt att pannelinet sitt i trauet slik at ingen skulle gjere han noko vondt om dei fann han.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018