Hopp til innhold
X
Innhald

Futesetet på Fure

Fureneset med forsøksgarden til Bioforsk. I eldre tid budde futen på Fure. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fureneset med forsøksgarden til Bioforsk. I eldre tid budde futen på Fure. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei første futane i Sunnfjord busette seg på garden Fure, lengst vest i Fjaler kommune. Her kan ein framleis finne «Futebekken» der embetsgarden låg.

Den første futen busette seg på Fure i 1565 eller 1566. Då vart Fure med tillegg av Håvåg og Kviteblikk, lagt ut som embetsgard (frigard) for futen. På Fure vart det bygt både tingstove og fangehus, og futen disponerte frå 1660 til og med over eigen bøddel (meistermann).

Alt tyder på at futane veksla mellom å bu på Fure og på Svanøy-godset, og tidvis andre stader i Sunnfjord heilt fram til midten av 1700-talet, då Svanøy vart fast tilhald for Sunnfjord-futen.

Veksling mellom Fure og Svanøy

Kven den første Fure-futen var, er ukjent, men han vart truleg buande der i omlag ti år. I 1575 kom nemleg den første futen til Svanøy. Det var Laurits Skjøt.

Frå 1598 til 1622 valde futen Peder Due å busetje seg på ein gard i Sørbøvåg i Hyllestad, men han budde nok delvis også på Svanøy, og truleg også på Fure.

Den andre futen som budde på Fure var difor truleg Reinert Vog (Våg). Fure-futane skaffa seg tidleg andre landeigedomar i Sunnfjord, og Vog eigde m.a. eit stort sagbruk på garden Holt ved Hellevik.

Futen budde på Kapstad

Då Reinert Vogn pensjonerte seg i 1598, busette han seg på ein gard som han eigde på Kapstad i Gaular. Elles går det ei segn om at ein av futane på 1500-talet skal ha budd på garden Haugsbakk i Dale. Mellom 1625 og 1645 budde futen Nils Busch i Flekke.

Kongen sel futegarden

Fram til 1668 var futegarden på Fure kongegods. Men dette året sel kongen garden til stathaldar Ulrich Fredrich Gyldenløwe, som i 1675 sel til futen Christian Bertelsen.

Fure var også ei tid sete for sorenskrivaren i Sunnfjord, Christian Rue, som også var eigar av garden ei tid før han let den gå til sonen, løytnant Niels Christiansen Rue.

I bygdebok for Askvoll vert det opplyst at futen Jens Tøgersen Rosenberg budde på garden Ask, som han leigde av løytnant Niels Christian Rue frå 1684 til 1690. Då gifta Tøgersen seg og kjøpte Ask, der han budde til han døydde i 1705.

Vestlandets rikaste på Fure?

I 1705 overtok Hans Nielsen Rue som fut på Fure, som han kjøpte frå bestefaren sin, sorenskrivar Christian Rue. Hans Nielsen Rue slo under seg mykje jord og vart styrtrik. Han rådde over 60 prosent av jorda i Sunnfjord, og var på denne tida større enn dei som då eigde Svanøy-godset.

Rue vart ein av dei største skattytarane på Vestlandet. Hans Nielsen Rue vart i 1731 avsett som fut etter at det vart oppdaga kassemanko.

Fjordane vert samla

I 1710 - i futen Rue si «regjeringstid» - vart Sunnfjord og Nordfjord slegne saman til eitt futedøme. Sjå elles: Høvding- og futegarden Eide - om kvar futane i Nordfjord hadde tilhald.

Flytting til Svanøy

Hans Thiis Nagel overtok som fut etter Hans Nielsen Rue i 1731. Dei første åra budde Nagel på Fure, men i 1749 kjøpte han Svanøygodset og flytta frå Fure til Svanøy.

Kongane gjesta Fure

To gonger gjesta dansk/norske kongar futegarden på Fure: Kong Christian V vitja futesetet på Fure på reise mellom Bergen og Trondheim i 1685.

Kong Christian VI og dronning Amalie Sophie vitja futegarden på Fure i 1733 på ei noregsreise der dei kom nordfrå og drog vidare til Bergen.

Futen Busch budde i Flekke

Frå 1625 til ca. 1645 var den rike futen Nils Busch busett på garden Solheim på vestsida av elveutløpet i Flekke.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.10.2010