Hopp til innhold
X
Innhald

Futespranget i Helvetesfossen

Etter segna skulle Sogne-futen ein gong i tida vere busett Hafslo - det som tidlegare vart kalla Fylkesbygda. Det er frå denne tida at namnet Futespranget i Helvetesfossen i Årøyelva stammar.

Futen på Hafslo var ein hardsett mann som bygdefolket reiste til kongen i København for å klage på. Her venta dei fåfengt i slottgarden i tre dagar utan å få bere fram klaga. Då reiste dei like godt heim, fann futen og jaga han føre seg heilt til ferda enda ved den ville Helvetesfossen i Årøyelva.

Hoppa over elva

Futen visste kva som venta om sognebøndene nådde han. Han tok sats for å hoppe over elva, men ramla av berget på andre sida og gjekk lukt i Fossen. Sidan har denne bergnabben ved Helvetesfossen vorte kalla Futespranget.

Hallaupspranget

Men Futespranget har også eit mindre kjendt namn: Hallaupspranget. Det skriv seg frå 1184 då kong Sverre hadde sendt hærmenn til Sogn for å straffe sognebøndene etter at nokre lendmenn hadde vorte drepne i Lusakaupang, der dei var samla til julegilde.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018