Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkestannlegen i Sogn og Fjordane

Den statlege organiseringa av tannhelsetenesta kom i gang i Sogn og Fjordane i 1959. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Den statlege organiseringa av tannhelsetenesta kom i gang i Sogn og Fjordane i 1959. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

I 1950 kom lova om folketannrøkt som gav born og unge opp til 18 år rett til fri tannpleie.

Lova påla norske bykommunar å byggje ut fullverdig folketannrøkt straks, medan landkommunar vart stilte noko friare dei første åra. Ein viktig grunn for dette var den store mangelen på tannlegar kringom i landdistrikta. Florø var på den tida den einaste bykommunen i fylket, og vart dermed den første kommunen som bygde ut fullverdig skuletannrøkt. Elles varierte det mykje kva som vart gjort i dei andre kommunane i Sogn og Fjordane, alt etter økonomi og dekning av tannlegar. Lokale helse- og sanitetslag var ofte sterke pådrivarar for å få skipa folketannklinikkar kringom i bygdene.

Reidar Tveit var fylkestannlege frå 1959 til 1989.

Reidar Tveit var fylkestannlege frå 1959 til 1989.

Tannlegemangel

I 1959 fekk Sogn og Fjordane eigen fylkestannlege som skulle ha det overordna ansvaret for utbygging av folketannrøkta. Dette var heilt fram til 1983 eit statleg embete som sorterte under Helsedirektoratet. Reidar Tveit vart tilsett som den første fylkestannlegen i Sogn og Fjordane og fekk kontorstad i Førde.

I 1965 var folketannrøkta med eigne distriktstannklinikkar utbygd for alle dei 26 kommunane i fylket, men mangel på tannlegar gjorde at mange tannklinikkar stod ubemanna i lange periodar. Ved yrkesskulen i Førde vart det starta utdanning av klinikkassistentar, og seinare fekk ein også i gang utdanning av tannpleiarar. Frå 1983 vart fylkestannlegeordninga overført frå Staten til fylkeskommunen. I 1994 vart fylkestannlegekontoret flytta frå Førde til Leikanger.

Gratis under 18 år

I tillegg til å gje gratis tannbehandling til alle under 18 år, har tannhelsetenesta vorte utbygd til å gjelde fri tannrøkt til psykisk utviklingshemma og til eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie. Ungdom 19-20 år betaler 25% av behandlingskostnadane. Også andre kan mot betaling få tannbehandling på distriktstannklinikkane dersom det er kapasitet.

Sogn og Fjordane er i 2005 delt inn i fire tannhelsedistrikt med i alt 35 tannklinikkar i den offentlege tannhelsetenesta, av desse seks ambulerande klinikkar.

Fylkestannlegar i Sogn og Fjordane:

  • Reidar Tveit 1959-1989
  • Guttorm Sørland 1990-1994
  • Halvor Solheim kst. 1994-1996
  • Tor Hildre 1996–1999
  • Gjertrud Marie Bøe 1999-2004
  • Erik Orten 2004-

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015