Hopp til innhold
X
Innhald

Galleri Walaker 300

Galleri Walaker 300. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Galleri Walaker 300. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hermod Nitter Walaker og ektemaken Oddlaug bygde om den gamle låven frå 1882 ved Walaker Hotell til eit særmerkt kunstgalleri - Galleri Walaker 300 - opna i 1990.

I galleriet har vore årvisse utstilingar med kjende kunstnarar - m.a. av Knut Rumohr. Mykje av tømmeret i galleriet er frå den gamle kyrkja i Solvorn frå 1600-talet.

For arbeidet med galleriet vart ekteparet heidra med Luster kommune sin kulturpris, og ei utmerking frå Fortidsminneforeninga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.03.2011