Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle-Ryssdalen

Synsk gardbrukar

Fleire av dei mest brukte «sårlegane» i Nordfjord i gamal tid budde i Gloppen. På 1700-talet budde korporal Kristian Torjerson Hjelle på Hestenesøyra. Han var ein mykje brukt lækjar til både folk og fe.
I Mardal kunne Kristine Nilsdotter Mardal kurere både leddverk og dårleg matlyst.

Synsk gardbrukar

Den mest vidgjetne bygdedokteren i Nordfjord på 1800-talet var Rasmus Jørgenson Ryssdal – også kalla «Gamle-Ryssdalen». Han kunne visstnok lækje både folk og fe, og hadde ord på seg for å vere synsk. Folk søkte Ryssdal frå heile Vestlandet og langt ned i Gudbrandsdalen. Han var gardbrukar, men etterkvart tok arbeidet som bygdedokter all tid. Medisinen skaffa han seg m.a. frå urter som han samla.

Presten skeptisk

Ein av dei som var skeptiske til Gamle-Ryssdalen, var den kranglevorne presten Jørgen Meier Heffermehl. Han sette m.a. lensmannen til å undersøkje kva Ryssdal dreiv med, utan at det kom til noko rettsleg oppgjer. Elles skaffa Ryssdal seg støtteerklæringar frå formannskapa både i Gloppen og Eid på at han dreiv ærleg og ueigennyttig gjerning.

Andre kjende bygdedokterar var Mattis Olson Loen (sjå Stryn kommune), Henrik Sæla (sjå Førde kommune), Jakob Kvellestad (sjå Naustdal kommune) og Jens L. Drægeli (sjå Aurland kommune).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2011