Hopp til innhold
X
Innhald

Gassen på Jølst

Brita Bolset var ei som trudd fullt og fast på ”Gassen”. Dette var jølstringane sitt namn på «tunkallen», som etter overtrua var av huldrefolket og fanst i alle gardstun.

Brita fortalde at ho rett som det var kjende at ho måtte bere Gassen! Skulle jølstringane sleppe uår og ulukker på garden, måtte dei stelle vel med «Gassen». Gassen vart skapt av etterbyrden ved fødslar.

Difor måtte ein passe på å brenne eller grave etterbyrden ned for at det ikkje skulle verte «gasse» av den. Ei høg stang reist midt i gardstunet kunne etter trua verne mot gassen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018