Hopp til innhold
X
Innhald

Gaulasamskipnaden

Gaularvassdraget ved Osfossen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gaularvassdraget ved Osfossen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I jobbetida under første verdskrig vart det sett fart i kraftutbygginga til alminneleg forsyning i Sogn og Fjordane. Fylket fekk utarbeidd planar for tre store kraftverk:

Ålfot-selskapet som skulle dekkje 11 kommunar i Nordfjord og på kysten av Sunnfjord, Gaulasamskipnaden som tok sikte på å dekkje straumforsyninga til 14 kommunar i Sunnfjord og Sogn heilt innover til Sogndal og Hafslo, og så Lærdalselvens Kraftselskap som skulle ta forsyninga i Lærdal, Borgund og Aurland.

Årdal skulle dekkjast ved Norsk Hydro sine eigne kraftverk i Øvre Årdal. Sjå meir om korleis det gjekk med Ålfoten under Bremanger kommune: Ålfotsaka, og Lærdalselvens Kraftselskap: «Krisetid - fylket trekkjer seg».

Gaulasamskipnaden - eller Gaula Interkommunale Kraftselskap - vart skipa i 1920, og sikra seg fallrettane i vassdraget for 400.000 kroner.

Gaula Interkommunale Kraftselskap hadde kontor i dette huset i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gaula Interkommunale Kraftselskap hadde kontor i dette huset i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2010