Hopp til innhold
X
Innhald

Gjest Baardsen berga liv på Byrknes

Gjerst Baardsen i arresten.

Gjerst Baardsen i arresten.

I mars 1822 sat den vidgjetne meistertjuven Gjest Baardsen arrestert i kasjotten til lensmann Nils Karlsson Lindseth på Byrknes. Saman med Gjest sat ein annan fange som heitte Svend Olsen Brekkene.

Ein dag, medan dei sat arrestert på Byrknes, hende ei ulukke på fjorden: Ein flokk kvinner, born og eldre menn var ute på øya Røytinga og henta torv til brennefang. På veg heim til Byrknes slo kulingen til, og båtane med alt folket ombord heldt på å forlise.

Lensmannskona skjøna alvoret og slepte dei to fangane fri slik at dei kunne hjelpe til med berginga. Etter at alle var vel i hamn, vart dei to tjuvane låste inn att i arresten.

Rømde seinare

Rømde seinare

Men like etter såg Gjest Baardsen og Svend Brekkene sitt snitt til å røme frå Byrknes. Lensmann Lindseth fekk bot for elendig vakthald, og fordi han hadde reist bort kvelden før røminga utan å forsikre seg om at nytt vaktmannskap passa på fangane. Dei andre som hadde kome for seint til vakta, fekk nokre dagars fengsel på vatn og brød.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018