Hopp til innhold
X
Innhald

Gjest Baardsen i Sunnfjord

Gjest Baardsen vart sett i arresten av lensmannen i Jølster.

Gjest Baardsen vart sett i arresten av lensmannen i Jølster.

I 1808 gjennomførte meistertjuven Gjest Baardsen eit tjuveritokt frå Vadheim til Jølster. Før han kom dit, hadde han m.a. vore innom garden Hauken i Gaular, der han hadde stole både klær, lysestakar, ei fil, ein foldekniv og andre gjenstandar.

Gardbrukaren Torstein Hauken oppdaga tjuven, og fekk ein kar til å setje etter han. Han fylgde tjuven heilt til Bolset i Jølster, der Gjest vart arrestert (sjå Gjest Baardsen i Jølster). Gjest vart stilt for retten i Bjordal i Sogn og dømd for desse brotsverka.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018