Hopp til innhold
X
Innhald

Graffarane frå Gulen

Laget til Jakob Kjellevold fotografert på Aurlandsfjellet i 1936 i samband med at laget flytta frå ei hytte til ei anna. Frå venstre Bertin Lihaug, Gulen (kokken med kaffikjelen i neven), Per Bjørkum, Lærdal, Jon Klingenberg, Lærdal, ukjend, Per Kvamme, Lærdal, Jakob Nygård, Gulen, ukjend, ukjend, ukjend, Johannes Kvamme, Masfjorden, Erlend Skjerven, Vik og Petter Fjærestad, Vik. Ukjend fotograf, eigar Erlend Skjerven/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå mest kvart einaste hus i Gulafjordane kjem det ein «graffar» - anleggsfolket som bygde telegraf- og telefonlinene her i landet. Fram gjennom tida har det kome eit hundretal telefonarbeidarar frå Gulen, og ingen bygdelag i Noreg har hatt så mange graffarar som Gulen.

Dalsøyra var eit slags senter for denne yrkesgruppa. Dei første gulingane som reiste på linebygging, deltok i reisinga av telegrafline over fjellet frå Lærdal til Aurland i 1876. I 1905 reiste jamvel mange graffarar frå Gulen til Island for å bygge den første telefonlina der i landet, frå Reykjavik til Seydisfjord. Ein av leiarane for dette arbeidet var Otto L. Midthun frå Eivindvik.

Arbeidslaget til Otto L. Midthun i 1892. Framme frå venstre Ludvik Nordgulen, Hermund M. Tveit, Truls L. Grinde (eller Gjert Grinde), Otto L. Midthun, Hans Wergeland og Bertel Josefsen Sygnefest. Bak frå venstre Henrik Rutledal, Henrik H. Tveit, Hans Tveit, Ivar K. Tveit og Thor Nordgulen. Ukjend fotograf, frå Gulenkalenderen 1990.

Graffarar i Kjølsdalen

Ei anna bygd som hadde telefonarbeid som spesialitet, var Kjølsdalen i Eid kommune. Herifrå kom det ei tid fleire arbeidslag som dreiv med linebygging og montering for Televerket - men dei var ikkje så mannsterke som Gulen-laga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 12.08.2010