Hopp til innhold
X
Innhald

Grannedrapet på Fure

Grannedrapet på Fure i Fjaler kommune i 1986 var ei av dei mest oppsiktvekkjande drapssakene i Noreg på slutten av 1900-talet.

Eit eldre ektepar vart i 1986 drepne av naboen på Fure. Gjerningsmannen rodde dei to lika ut på Vilnesfjorden og søkkte dei på djupt vatn. Etter ein knapp månad vart mannen arrestert, og tilstod drapa.

Han påviste kvar lika var søkkte i Vilnesfjorden, og ved hjelp av miniubåt vart dei to drepne funne på ca. 350 meters djup. Miniubåtar var på den tida relativt ny teknologi, og det vekte stor oppsikt at det let seg gjere å finne dei drepne på så stort djup med denne farkosten.

Gjerningsmannen vart av helsegrunnar vurdert uskikka til å sone fengselsstraff og fekk i staden sikringsdom.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.05.2020