Hopp til innhold
X
Innhald

Grannedrapet på Trætteskjær

Segna fortel at dei to bøndene på Eide og Brandanger ikkje kunne einast om kvar grensa skulle gå. Dei vart samde om å starte ved solrenning om morgonen og gå kvarandre til møtes. Der dei møttest, skulle så grensa gå.

Men den eine hadde teke ut før det vart lyst, påsto den andre då dei møttest på Trætteskjæret, og det enda med at den eine bonden slo den andre i hel.

Dette er ei vandresoge som vi finn mange stader - m.a. i Guddalen i Fjaler (sjå Småkongane som kappgjekk: Den eldste historia i Fjaler).

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018