Hopp til innhold
X
Innhald

Gravhaugane på Hove

Glasbeger funne på Hopperstad, utstilt på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Glasbeger funne på Hopperstad, utstilt på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dette glasbegeret frå vikingtida vart funne på Hove. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dette glasbegeret frå vikingtida vart funne på Hove. Foto: Arild Nybø, NRK.

Jordbruksbygda Vik har frå gamalt vore eit senter for mektige rikfolk. Det vitnar ikkje minst dei mange gravhaugane frå bronsealder og jernalder om.

Framme på kanten av ei elveterasse på garden Hove ligg eit av dei største gravhaugfelta på Vestlandet. Dei ni Moahaugane er frå yngre romartid - dvs. 200-400 år e. Kr.

Kring 1913 vart gravhaugane oppmålte og granska. Dei fleste har eit tverrmål i rota på 15-20 meter og er 2-3 meter høge. Ei av gravene var ei båtgrav. Der er det funne rekkjer med båtnaglar.

I gravhaugane er det elles funne våpen, leirkrukker og anna kjøkkenutstyr, kammar, spelebrikker og restar av eit drikkeglas som fortel om samband med det sørlege Europa. Diverre har mange av gravene vorte øydelagde av masseuttak til vegbygging, og ved ukyndig graving i haugane av soldatar frå Viksmoen like ved.

Funn frå vikingtida

I gravhaugar på Stadheim, Hopperstad og Hove er det også gjort rike funn som viser kontakt med utlandet i vikingtida kring år 800 e. Kr. Særleg kvinnegravene var rike, og mykje tyder på at kvinnene sat sterkt i styret på storgarden Hopperstad i vikingtida.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2011