Hopp til innhold
X
Innhald

Gravhaugar og funn på Vangsnes

På dette postkortet frå ca. 1960 ser vi området ved kyrkja, der Torsteins borg skal ha lege. Foto: K. Norddal

På dette postkortet frå ca. 1960 ser vi området ved kyrkja, der Torsteins borg skal ha lege. Foto: K. Norddal

Etter segna skal det ha lege ei borg på Vangsnes; Torsteins borg. Den kan ha lege på ei slette like ved dagens kyrkje. Her låg også gravhaugen Ryhaugen og to mindre haugar.

I 1861 vart det påvist tre store gravhaugar og fleire mindre røyser i det same området.

På Vangsnes er det funne store mengder gamle bruksgjenstandar i jorda; både våpen, smykke og husgeråd, båtsaum og ein vakker bronsekjel som truleg stammar frå utlandet.

Funn frå vikingtida på Vangsnes. Foto: Arild Nybø, NRK.

Funn frå vikingtida på Vangsnes. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.06.2011