Gravhaugar og småkongar i Feios og Borlaug

I Feios er det mange gravhaugar. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Også i Feios ligg ei mengd gravhaugar. Frå Borlaug til Berdal er det registrert 21 gravhaugar langs stranda.
Perhaugen på Rinde er den største, og på Hove vart det funne ei båtgrav. Ingen andre stader i Sogn ligg gravhaugane så tett. Småkongen Borle skal etter segna ha hatt bustad på Borlaug, og kong Fagre heldt til på Fedje. På Fedje er det gravrøyser frå bronsealderen, og det er m.a. funne eit par vakre bronsespenner frå ca. 500 e.Kr.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 17.06.2011