Hopp til innhold
X
Innhald

Guten drog med Nordlandsjekta

Det siste guten frå Hersvik såg av heimetraktene var nok Steinsøy som vi her ser midt i biletet. I bakgrunnen ser vi Alden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det siste guten frå Hersvik såg av heimetraktene var nok Steinsøy som vi her ser midt i biletet. I bakgrunnen ser vi Alden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Også i gamle dagar prøvde gutungane seg på haik - lenge før ordet var oppfunne. I 1771 stod to gutar frå Hersvik ute på eit nes og såg Nordlands-jektene sigle heim frå Bergen. Den eine ropte til jektemannskapet av han ville vere med nordover. Det kunne det verte ei råd med, sa nordlendingane, og guten hoppa ombord.

Men då guten, som var tenestedreng, vart lenge borte, vart kameraten mistenkt for drap og stilt for retten. Her fortalde han historia om Nordlands-jekta, og vart trudd. Han som drog, høyrde ingen noko meir ifrå.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.06.2010