Handelsstaden Moldøen

Moldøen på slutten av 1930-talet, med handelsstaden lengst til venstre. Foto: Askeland, eigar Aslaug Kambestad Skram/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Handelsstaden Moldøen (Måløyna) vart fram til 1744 drive av same eigarar som på Handelsstaden Vågsberget. Kong Fredrik den 4. overnatta på Moldøen under Noregs-reisa si i 1704. Ole Scmidt, som dreiv Moldøen frå 1838 til 1866, bygde store sjøbuer og ein staseleg hovudbygning på eigedomen. Desse brann ned under Måløyraidet i 1941.
Lensmann Nils Landmark Lem frå Sogndal kjøpte Moldøen i 1902, men flytta aldri dit sjølv. Frå 1915 kom Einar og Audun Lem (sjå Firda Canning under «Fiskeriverksemder i Vågsøy») med som eigarar. I 1921 fekk dei med skipsreiar Jacob Kjøde som kompanjong, og dreiv fiskehandel og tankstasjon på øya.
Frå slutten av 1800-talet overtok dei nye handelsmennene og fiskemottaka i Skramsbygda (noverande Måløy) som det dominerande senter i Ytre Nordfjord, og Moldøen tapte gradvis si betydning som handelssenter.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 12.04.2010