Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden Osmundsvåg

Handelsstaden Osmundsvåg. Foto utlånt av Atle Råsberg.

Handelsstaden Osmundsvåg. Foto utlånt av Atle Råsberg.

Handelsstaden Osmundsvåg fekk kongebrev på handel og gjestgiveri i 1707. Hans Bang (opphaveleg dansk) var første eigar. Hans Bang eigde også Handelsstaden Bryggja.

Kjende handelsslekter i Osmundsvåg på 1800-talet var Mowinckel, Rønneberg (sjå Nils Eliasson Rønneberg) og Wiese. Wiese-slekta kontrollerte på 1800-talet handel og eigedomar under Gjerde på Nordfjordeid, Dombestein, Rugsund og Vågsberget.

Eigar av handelsstaden Osmundsvåg, Christian Wiese, gjorde i 1875 dei første forsøka med hermetiske varer i Sogn og Fjordane. Han fekk i 1876 rosande omtale på eit utstilling i Philadelphia i USA for hermetikkprodukta av krabbe og fisk. Sjølv om han også fekk medaljar for produkta på utstillingar i Europa, la han ned fabrikken tidleg på 1880-talet, og gjekk konkurs i 1890. Wiese var ordførar i Selje 1876-1890.

I Osmundsvåg var det dampskipsekspedisjon og postopneri. Ein storbrann i 1956 la den gamle handelsstaden i Osmundsvåg i oske.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.10.2011