Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden Vågsberget

Handelsstaden Vågsberget. Foto: Arild Nybø.

Handelsstaden Vågsberget. Foto: Arild Nybø.

Handelsstaden Vågsberget er den eldste handelsstaden i Ytre Nordfjord, og var til slutten av 1800-talet den viktigaste, fordi den låg svært lagleg til ved dei rike fiskefelta kring Vågsvåg og Torskangerpollen. Handelsstaden har eksistert frå 1600-talet.

Handelsstaden Vågsberget. Foto: Arild Nybø.

Handelsstaden Vågsberget. Foto: Arild Nybø.

Aleksander Didrikson Fester fekk kongebrev på handel 1692, og med rett til å drive gjesteheim på Moldøen. På 1700-talet slo eigarane av Vågsberget under seg store jordeigedomar i Ytre Nordfjord og Bremanger. I 1744 vart Moldøen med handel og privilegia der selde og skilde frå drifta på Vågsberget.

Tonning bygde

I 1777 overtok handelsmannen Peder Tonning, son til Peder Pederson Tonning, Vågsberget. I hans driftstid vart m.a. hovudhuset og mange av sjøbuene i det no verna handelssetet på Vågsberget bygde. Det er same Tonning-ætta som bygde opp og eigde handelsstaden ved munningen av Stryneelva. Herskapshuset frå den tida er kjend som Valhalla gjestgiveri.

Lem overtok

Lem-familien kom inn som eigarar på Vågsberget i 1889 då lensmann Arnoldus Lem kjøpte Vågsberget saman med telegrafstyrar P.A. Strømsøe. Seinare gjekk drifta over til Einar Lem og Rolf Lem.

Fiskerianlegget til Kjøde på Vågsberget på 1920-talet.

Fiskerianlegget til Kjøde på Vågsberget på 1920-talet.

Skipsreiar Kjøde kjøpte Vågsberget

I 1920 selde Lem-folket Vågsberget til skipsreiar Jacob Kjøde. I 1928 bygde Kjøde eit stort fiskerianlegg på Vågsberget. Anlegget gjekk seinare over til skipsreiarfamilien Horn ved Kjøde sin svigerson, Johan Horn i Bergen. På 1950-talet sysselsette fabrikkane på Vågsberget 100 arbeidarar med sildesalting, fiskemjøl, hermetikkfabrikk m.m. I storsildsesongen vart husa på det gamle handelssetet Vågsberget brukt som losjihus for arbeidarar. Ombyggingane som vart gjorde då, har seinare skapt mykje arbeid for dei som skulle restaurere staden. På flatene bak sjølve sjøeigedomen vart det også bygt opp ein stor revefarm.

Vågsberget på tale som oljebase

På 1960-1970-talet brukte Nordfjord laksestyre ei sjøbukt på området til oppbevaring av stamlaks. Midt på 1970-talet var det reine oljefeberen langs kysten. ”Alle” kommunar kappast om å få oljebasar og andre anlegg knytt til den nye næringa, og lokale oljeselskap spratt opp som paddehattar. Også Vågsøy kommune ville hengje på i oljeutviklinga, og etter eit hastevedtak i formannskapet fekk kommunen gjort avtalar slik at dei kunne by ut Vågsberget som ein tenleg stad å byggje ein forsyningsbase. Men Vågsøy kommune fekk ikkje napp i den harde konkurransen, der øyane utanfor Bergen, Florø og Kristiansund drog dei lengste stråa. I 1976 starta skipsreiar Horn Vågsøy Ferdigbetong AS i Vågsvåg i samarbeid med byggevarefirmaet J. Steenslid AS ( Sjå dette) i Måløy. I Vågsvåg er det også pallefabrikk.

Vågsberget vart muséum

Vågsberget vart muséum

Etter at oljefeberen hadde lagt seg, tok Vågsøy kommune over forvaltninga av det gamle tunet på Vågsberget med tanke på vern av dei gamle bygningane. På 1980-talet gjekk forvaltningsansvaret for Vågsberget over til Kystmuséet for Sogn og Fjordane. I 2006 vart handelsstaden på Vågsberget freda av Riksantikvaren. Vågsberget vart på 1980-talet nytta i innspelinga av filmen «Landstrykere» (sjå video frå 1995.)

Handel i Vågsvåg

I Vågsvåg dreiv også Rasmus D. Halvorsen frå Stårheim frå 1869 stor handelsverksemd med dampskipskai, sjøbuder og losjihus. Han var postopnar og telegrafstyrar, og dreiv tilsvarande verksemd også på Stårheim.

Elles bygde fiskeoppkjøpar Godø frå Ålesund sjøbuer både i Vågsvåg og Torskangerpollen. Då Godø slutta, kjøpte Halvorsen denne sjøbuda, og hadde også sjøbu for mottak og salting av fisk i sesongen. Halvorsen nytta berga på Gullholmen og Ramneholmen i Vågsvåg til klippfisktørking. Halvorsen dreiv til 1918, då svigersonen Sivert Inselseth tok over. Handelshusa på Ramneholmen vart øydelagde av brann på 1920-talet. Sivert Inselseth vart drepen i ei ulukke på ei seglskute i 1934, og nokre år seinare vart anlegga etter Halvorsen selde på tvangsauksjon.

Vågsvåg med Halvorsens kai og landhandel.

Vågsvåg med Halvorsens kai og landhandel.

I fiskesesongen dreiv også handelsmann Petter Christian Wiese landhandelfilial i Vågsvåg. Elles er det registert at Peder Reksnes, Hans P. Reksnes og Ole Solheim dreiv handel i Vågsvåg på 1890-talet. I Torskangerpollen og på Kvalheimsvika gjekk det frå 1890 og fram til ca. 1920 føre seg eit eventyrleg torskefiskeri. Første sjøbuda vart reist i 1863, og i 1920 stod det ialt 42 sjøbuder, åtte båtnaust og 20 bustadhus kring pollen. Ei stor samling av dei gamle sjøhusa er tekne vare på. Nokre av dei vert leigde ut til turistar på rorbuferie.

I 2011 vart handelsstaden på Vågsberget freda av Riksantikvaren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.09.2011