Hopp til innhold
X
Innhald

Haugianar-kvinne grubla seg til døde?

I 1803 fann ein leivningane etter Malena Johannesdotter Sie frå Mollandsmorki i eit fjellskar ovanfor gardane. Ho hadde teke sitt eige liv. Det vart forhøyr, og sonen la skulda for mora sin lagnad på haugianarflokken.

Malene hadde lese mykje av Hans Nielsen Hauge, og vart også heimsøkt av folk frå flokken som ville omvende henne. Ektemaken slapp dei ikkje inn i stova, men når gardkona gjekk i fjøset, oppsøkte «venene» henne der.

Blei deprimert

Sonen forklarte at mora var deprimert etter desse vitjingane. Ho klaga då over at ho ikkje fekk den same «ånda» over seg som andre i lesarflokken.

Brukt i rettssaka

Vitnemåla om Malene sin lagnad vart lagde fram i rettssaka mot Hans Nielsen Hauge i 1807, då han vart dømt for å ha brote forbodet mot lekmannsforkynning.

Les meir om haugianarane i Luster.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018