Hopp til innhold
X
Innhald

Haugianarane i Vevring og Naustdal

Hans Nielsen Hauge.

Hans Nielsen Hauge.

Med utgangspunkt på Svanøy hovudgard (sjå Svanøy-godset) vart bygdene innetter Førdefjorden eit hovudsenter for Hans Nielsen Hauge og haugianarane på Vestlandet. Nokre av dei mest kjende forkynnarane frå haugerørsla kom frå bygdene Vevring, Redalen og Naustdal.

Leiaren for den religiøse leksmannsrørsla, Hans Nielsen Hauge frå Tune i Østfold var ein dugande forretningsmann. saman med ”venene” sine skapte han ei mengd nye industriverksemder kringom i heile Sør-Noreg.

Svorstøl fekk Hauge til Sunnfjord

Lekmannsforkynning var gjennom den såkalla ”konventikkelplakaten” forbode på den tida Hans Nielsen Hauge levde. Prestar og bispar var støtt ute etter å ta han. Unntaket var i Bjørgvin, der biskopen var meir tolerant mot denne lekmannen enn elles i landet. Difor kom Hauge til å arbeide mykje på Vestlandet. I Bergen kom han i 1798 i kontakt med regimentsmed Erik Larsson Svorstøl frå Naustdal. Svorstøl fekk Hans Nielsen Hauge til å reise til Sunnfjord. Forkynnarferda førde til ei sterk vekkjing i bygdene langs heile Førdefjorden.

Forkynnarane frå Vevring og Naustdal

Hauge-venen Ola Torjusson frå Hallingdal fekk med Hauge si hjelp kjøpt den gamle herregarden på Svanøy i 1804, og tok familienamnet Svanøe. Her samla han ein stor haugianarflokk kring seg. Dei arbeidde på garden og dei ulike verksemdene som den driftige Ole Torjusson Svanøe bygde opp.

På Svanøy er det reist ei minnestøtte over Hans Nielsen Hauge. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Svanøy er det reist ei minnestøtte over Hans Nielsen Hauge. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av tenarane på Svanøy var Erik Olsson Gjellaker, som også kom frå Hallingdal. Han reiste som emissær over heile landet, og etter ei kort tid som eigar av garden Mjelva i Romsdalen, kjøpte han Tingneset i Vevring og slo seg til der. Eriks son Ola vart også ein sentral haugianar. I 1804 tok Bertel Nilsson Ullaland og Malina Hamra til å reise som emissærar for rørsla.

I grenda Gryta var Ola Jakobsson Grytten ein sentral haugianar. Hans Nielsen Hauge lånte pengar av den særs velståande Ola og heldt møta sine i stova til Ola når han var på vitjing i Gryta.

Dei karismatiske systrene Underli

I 1833 gjekk ei religiøs vekkingsbylgje i Sunnfjord. Vekkinga starta med to unge systre frå Vevring, Stina og Maren Underli - sjå Stina Underli og Maren Fitje - og gjekk over bygdene langs heile Førdefjorden. Stina Underli var berre 17 år gamal då ho tok til å reise som emissær. Det vert fortalt at den vakre songen til ungjenta var eit godt ”trekkplaster” på møta. Vekkingsmøta til dei to karismatiske systrene Underli var så kjenslelada at folk kom i trance, og eldre haugianar-leiarar måtte ofte gripe inn og roe det heile ned.

”Misjonsåkrar” og ”misjonslam”

I 1844 skipa det sterke haugianarmiljøet i Vevring, Redal og Gryta ei av landets første misjonsforeningar; Vefrings Sogns Miisionsforening. Dette hende berre to år etter at Den Norske Misjonsforening var skipa. Andreas L. Vefring var første formann. I 1875 hadde dette laget 75 medlemer. Frå 1860-åra skipa kvinnene eigne foreningar som m.a. starta basarane der dei lodda ut sjølvlaga strikkevarer og husflidsvarer. Folk hadde også eigne ”misjonsåkrar” og ”misjonslam”, der inntekt av avling og slakt skulle gå til foreningsarbeidet. Andre gav smør og fløyte, eller etla fangsten frå eitt av sildegarna sine til misjonen. Det å setje av ein del av gardsproduksjonen til drift av misjonsforeningar og deira aktivitetar vart etter kvart vanleg over heile fylket, og vi finn same ordninga m.a. att i drift av skular og Sogns Barneheim i Leikanger kommune. I 1865 skipa Hauge-venene i Kinn, Bremanger og Vevring det første indremisjonslaget for Sunnfjord.

Forkynnarane frå Naustdal

Hans Nielsen Hauge gjesta Sunnfjord i alt seks gonger. I tillegg til å vitje veneflokkane sine langs fjorden, reiste Hauge også oppover Naustedalen, og det er truleg herfrå han har reist over til Hyen og Gloppen, der Hauge-rørsla stod sterkt (sjå Gloppen kommune). Ein av dei fremste Hauge-venene i Naustedalen var Ola Sjursson Saveland, f. Kalland. Han var kommandersersjant i Bergen, men valde etter råd frå Hans Nielsen Hauge å slå seg til i heimbygda. I Naustdal vart han ein viktig kontaktmann for Hauge, saman med Bertel Nilsson Ullaland. Anders Haave frå Naustdal og Anders Andersson Redal frå Redal vart dei fremste forkynnarane i Hauge-rørsla. Anders Redal reiste som emissær i om lag 50 år. Mads Iver Wefring tok til å reise som forkynnar 15 år gamal, og vigde mykje av livet sitt til emissærtenesta. Dei pietistiske haugianarane gjekk med åra over i indremisjonen som fekk lokallag i kvar einaste grend langs Førdefjorden. I 1903 kom det ei stor vekking etter eit stort misjonsstemne for ungdom i Kvellestad krins. Der var salmediktaren Matias Orheim hovudtalar. På stemna var Ludvik, Markus og Anders Horne som alle vart emissærar for indremisjonen. Også i nyare tid har mange etterkomarar av haugianarane i Sunnfjord vore flittige forkynnarar og emissærar. Såleis var Henrik Tefre (1902-1992) og ektemaken Oliva f. Håland (1904-1991) frå Redal i mange år misjonærar i India.

Haugianarane i samfunnsstyringa

Haugianarane vann med si gudsfrykt, tiltakslyst og flid stor respekt i heimbygdene sine. Dei vart ofte valde til framståande tillitsverv som stortingsmenn og som ordførarar. Samhaldet i veneflokken var tett. Det kunne kome til nytte også på det materielle plan. Det var såleis haugianarane med Torbjørn Horten frå Aurland i spissen som i 1902 tok initiativet til skiping av den kristelege Sunnfjord Ungdomsskule i Naustdal. I 1906 overtok Indremisjonen, og i 1910 flytta skulen til Førde etter eit økonomisk ”overbod” som vart sett fram av Førde Sparebank.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2010