Hopp til innhold
X
Innhald

Heilårsdrift på hotella

Hotel Alexandra har vore heilårshotell sidan 1970-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hotel Alexandra har vore heilårshotell sidan 1970-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fram til 1970-talet, var så godt som alle hotella i Stryn kommune berre opne i sommarsesongen. Men frå 1970-talet tok m.a. Hotel Alexandra til å utvide sesongen: Betre kommunikasjonar gjorde at ein veksande møte- og konferansemarknad innanlands opna seg.

Vigra flyplass ved Ålesund, og seinare småflyplassen på Anda, Sandane lufthamn frå 1975, var viktige hjørnesteinar i denne utviklinga. I 1978 kom heilårsvegen over Strynefjellet - Strynefjellsvegen.

Sjå meir om turisme og reiseliv i Sogn og Fjordane nder «Gjestgjevarstader i Lærdal» og «Historia i Balestrand».

Aukande velstand og betre råd gjorde at hotella i Indre Nordfjord også vart attraktive weekend-hotell, ikkje minst for sunnmøringar. Ein målestokk for denne utviklinga, finn vi på ei av dei største reiselivsbedrifter på Vestlandet, i Loen: På 1980- og 1990-talet har hotellet hatt kring 60.000 norske gjestedøger, medan utlendingane berre gav kring 20.000 gjestedøger.

Sjå meir om turisme og reiseliv i Sogn og Fjordane nder «Gjestgjevarstader i Lærdal» og «Historia i Balestrand».

Les også om aktivitets-tilbod for turistane og om milepælar i turistnæringa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.03.2011