Hopp til innhold
X
Innhald

Helselaget bygde aldersheim

Naustdal sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Sykepleieforening vart skipa i 1920. På same tid vart det skipa lokallag i krinsane Horstad, Midtredalen og Fimland. Foreininga fekk tilsett ei sjukepleierske i bygda, og laga skaffa løn til sjukepleierska frå basarinntekter. I 1934 fekk laget i gang skulebarnundersøking. I 1944 var to sjukepleiersker tilsette.

Seinare vart dei fire laga samla i Naustdal Helselag, som vart innmeldt i Nasjonalforeningen for Folkehelsen. Naustdal Helselag starta aldersheim i 1948 i leigde lokale, og bygde ny aldersheim i 1960. Aldersheimen fekk eiga sjukeheimsavdeling i 1975. Kommunen tok over drifta i 1979.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.12.2009