Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestell i Årdal

Årdal sjukeheim på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal sjukeheim på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal vart skild frå Lærdal som eigen kommune i 1860, men først i 1895 fekk den felles distriktslegen faste kontordagar annankvar veke i Årdal. Både næraste lege og sjukehus var i Lærdal, og med stengde fjellvegar og lang sjøreise kunne det ofte stå om liv. Først i1960 fekk Årdal eigen distriktslege.

A/S Tyinfaldene

fekk i 1916 pålegg om å tilsetje eigen lege ved anlegga sine, men det einaste dei syttee for var ein sjukepleiar i to år frå 1918. Selskapet heldt kurs i førstehjelp for oppsynsmennene.

Helsekontroll i skulen

vart innført frå 1932. Helsesøster Dagny Høgalmen hadde i over 30 år etter 2. verdskrig helsekontroll på Årdals-skulane.

Søster Dagny – helsesøster Dagny Høgalmen – var ein institusjon for dei mange som voks opp i Årdal etter krigen.  Her er det tid for pirquétprøve. Foto frå Årdal skulesoge.

Søster Dagny – helsesøster Dagny Høgalmen – var ein institusjon for dei mange som voks opp i Årdal etter krigen. Her er det tid for pirquétprøve. Foto frå Årdal skulesoge.

Skuletannrøkta

Etter initiativ frå dei nyskipa helselaga i Tangen og Øvre, vart det innført skuletannrøkt for dei yngste skuleborna i 1936. Frå 1951 fekk alle skuleborn frå 6 til 16 år fri tannpleie.

Mjølkekort

Frå 1974 vart det ordna mjølkeutdeling ved skulane ved at borna kjøpte «mjølkekort».

Nordag

tilsette eigen lege under krigen, og dreiv sjukestover både på Tangen og i Øvre Årdal. I tillegg etablerte ein privatpraktiserande lege seg i bygda.

Frå bedriftshelsetenesta til Årdal Verk i 1952. Søster Gerda Klæbo tek blodprøve av Jakob Fimreite. Dei to som ventar på tur kjenner vi ikkje namna på. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Frå bedriftshelsetenesta til Årdal Verk i 1952. Søster Gerda Klæbo tek blodprøve av Jakob Fimreite. Dei to som ventar på tur kjenner vi ikkje namna på. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

ÅSV

tilsette eigen bedriftslege i 1947, og starta sjukestove i Øvre i 1948.

Fødestove

Kommunen starta fødestove i 1949, som var kombinert med ein pleieheim for eldre i 1959.

Den tidlegare Tangen skule vart helsetun i 1955. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den tidlegare Tangen skule vart helsetun i 1955. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Helsetun

Nedre Årdal Helselag fekk bygt landets første helsetun i den gamle og fråflytta barneskulen på Årdalstangen i 1955. Bygget er seinare rive og erstatta med sjukeheim. På 1960-talet fekk Øvre Årdal Helselag bygt helsehus i Øvre Årdal.

Helsehuset i Øvre Årdal med legekontor. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Helsehuset i Øvre Årdal med legekontor. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjukeheimen i Seimsdal er den nyaste av omsorgsinstitusjonane i Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjukeheimen i Seimsdal er den nyaste av omsorgsinstitusjonane i Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Apotek

vart skipa i 1972 som filial under Lærdal Apotek. I dag heiter apoteket Vitusapotek Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.04.2011