Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestell i Bremanger

Bremanger Bu- og Servicesenter i Kalvåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bremanger Bu- og Servicesenter i Kalvåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fiskerilege

Dei store sildefiskeria kring Kinn midt på 1800-talet førde mykje sjukdom med seg mellom dei tusentals fiskarane som strøymde til, levde tett og budde usunt.

For å betre helsetenesta påla Staten at det skulle krevjast inn ei eiga avgift på sildefisket. Dette Vårsildavgiftsfondet skulle nyttast til løning av legar, legeskyss med eiga skøyte og eige «fiskarsjukehus» i Florø. I Kalvåg kom det «fiskerilege» i sesongen frå 1867 og utover.

Legetenesta i Bremanger

Heilt fram til 1866 hadde folk i tidlegare Davik kommune svært dårleg legedekning.

Bygdedokter i Leirgulen

Jon Per Jonson Leirgulen (1856-1946) var ein sjølvlærd bygdedokter.

Eige legedistrikt

Bremanger kommune vart skilt ut som eige legedistrikt i 1916.

Eige sjukehus i Kalvåg

I 1903 bygde Vårsildavgiftsfondet eit «sjukehus» i bakkane ovanfor Kalvåg. Sjukehuset hadde plas til inntil 20 pasientar og var berre ope for fiskarar i fiskesesongen.

Sjukestove i Svelgen

I samband med utbygging av kraftanlegga i Svelgen, vart det i 1918 bygd ei sjukestove i bygda.

Alders- og sjukeheimar

Aldersheimen i Kalvåg var tufta på det gamle ”sjukehuset” frå 1903. Det vart bygd ny aldersheim i 1956. Denne vart omgjort til sjukeheim i 1979 og mykje utvida og modernisert i 2003. I Svelgen vart det bygd ny sjuke- og aldersheim i 1979. I 2010 har sjukeheimane namna Svelgen Bu- og Servicesenter og Bremanger Bu- og Servicesenter.

Svelgen Bu- og Servicesenter, tidlegare Svelgen Sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svelgen Bu- og Servicesenter, tidlegare Svelgen Sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2010