Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestell i Stryn

Dette huset var distriktslegebustad i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette huset var distriktslegebustad i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den store pesten 1655

I åra 1664 og 1665 herja ein stygg pest som vart kalla «blodsotta» i indre Nordfjord.

Hans Chr. Brodtkorb var distriktslege i Stryn tidleg på 1800-talet.  Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hans Chr. Brodtkorb var distriktslege i Stryn tidleg på 1800-talet. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bygdedokterar

Mattis Olson Loen (1812–1867) frå Loen var den mest namngjetne bygdedokteren i indre Nordfjord. Til han kom pasientar både frå Fjordane og Sunnmøre.

Distriktslegen

Christian Bonning Uchermann var den første distriktslegen i Fjordane, tilsett i 1802, og med bustad i Innvik. Seinare vart stillinga flytta til Førde. Uchermann hadde lært seg urtemedisin som ung, og arbeidde for innføring av vaksinering mot sjukdomar. Distriktet hans strekte seg over Nordfjord og Sunnfjord og heilt sørover til Solund og Hyllestad i Ytre Sogn. Uchermann kunne ha opptil 200 sjuke som venta på hjelp samstundes i det digre distriktet sitt. Mang ein gong var han i livsfare på reisene i det store distriktet, og ein snøstorm gjorde han nærmast blind slik at han måtte slutte i tenesta i 1834. Då vart distriktslegen for Fjordane flytta til Førde. Frå 1840 vart Nordfjord eige legedistrikts, men då vart legen plassert på Nordfjordeid. I 1857 vart fylket delt i åtte legedistikt, og Gloppen, Innvik, Stryn og Hornindal kommunar vart eitt distrikt. I 1879 vart Indre Nordfjord delt i to legedistrikt; eitt for Gloppen og Breim og eitt for Innvik, Stryn og Hornindal.

Brende stova

Ein husmann i Innvik gjekk drastisk til verks etter at tuberkulosen tok døtrene hans.

Tobakk-avholdsforeninga

Tobakksfråhaldslaget kravde inn 10 kroner i mulkt av medlemer som brukte tobakk.

Skålatårnet, også kalla Kloumannstårnet. Foto: Ole Fretheim, NRK.

Skålatårnet, også kalla Kloumannstårnet. Foto: Ole Fretheim, NRK.

Kloumannstårnet

Distriktslege H. Kloumann tok initiativet til bygging av det såkalla Kloumannstårnet på fjellet Skåla (1848 m.o.h.) ved Loen i 1891 - også kalla Skålatårnet.

”Lasarettet” på Faleide

Eit sjøbuloft på Faleide vart i nokre år frå 1890-talet og fram til ca. 1916 nytta som ei sjukestove for tuberkuløse frå bygdene ikring.

Planar om tub-sanatorium ved Faleide

Men Innvik kommune bille ikkje stille garanti.

Folkebadet «Svetteløysa»

I kampen for å betre folkehelsa vart det på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet bygd fleire folkebad kringom i Sogn og Fjordane. Også Stryn fekk sitt folkebad i 1913. Stryn Folkebad vart bygd på Bø, og fekk tilnamnet «Svetteløysa». Tilnamnet fortel oss at her kunne stryningane bli kvitt skiten med behagelege stimbad!

Nordfjord Sjukehus og Singer

Mangemillionæren William Henry Singer jr. i Olden finansierte det meste av Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, som vart opna i 1936.

Diagnosestasjonen

Distriktslege Olav Andenæs i Stryn hadde i mange år etter 2. verdskrig den såkalla diagnosestasjonen for tuberkulose i Nordfjord.

Alders- og sjukeheimar i Stryn

Stryn kommune har alders- og sjukeheimar både i Innvik, Olden og Stryn sentrum.

Stryn omsorgssenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn omsorgssenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011