Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestellet i Gloppen

Gloppen sjukeheim tronar på terrassen over Sandane sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen sjukeheim tronar på terrassen over Sandane sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gamle-Ryssdalen

Den mest vidgjetne bygdedokteren i Nordfjord på 1800-talet var Rasmus Jørgenson Ryssdal – også kalla ”Gamle-Ryssdalen”.

Gloppen tuberkuloseheim

Gloppen tuberkoluseheim i Mona vart bygd i 1916.

Jordmora

Staten freista å få skikk på jordmorordninga frå 1810, men likevel var det berre seks jordmødre i Sunnfjord og Nordfjord 30 år seinare. Jordmor Rakel Nyhagen (f. Ladehaug) frå Sandane vart uteksaminert frå den einaste jordmorskulen i landet i 1825, og fekk teneste i Nordfjord. Ho måtte ta seg av både Gloppen, Innvik og Stryn kommunar. Ho utførte også koppevaksinasjonar på folk. Læraren Anders Mardal dreiv også med vaksinasjon. (om distriktslegeordninga – sjå Helsestell i Stryn).

Folkebadet på Sandane ca 1910. Personane er frå venstre Anton O. Skarstein, distriktslege O. Løken og E. Gloppestad. Badet vart opna 21.12. 1909 og brann ned i 1931. Foto frå tidsskriftet ”Ljøren”.

Folkebadet på Sandane ca 1910. Personane er frå venstre Anton O. Skarstein, distriktslege O. Løken og E. Gloppestad. Badet vart opna 21.12. 1909 og brann ned i 1931. Foto frå tidsskriftet ”Ljøren”.

Kurbad og folkebad

Gloppen har også ei tid hatt sitt eige «kurbad». I 1934 starta M. J. Holvik praksis som naturlege på Sandane. Han tilbaud klientane sine varme pakningar, massasje, lys- og diettbehandling.

I 1912 vart det bygd folkebad på Byrkjelo – eit høgst uvanleg tiltak i bygde-Noreg på den tida. Badet var i drift til 1953.

Firda fysikalsk-medisinske senter

vart starta av Bertel Rune Kaale i 1991. Senteret held til i Sandane Senter og driv m.a. med rehabilitering av nakkeskadde. Kaale er sjølv manuellterapeut, i tillegg er det tilsett to fysioterapeutar og to personlege trenarar.

Helsesenteret med legekontor held til i den låge bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Helsesenteret med legekontor held til i den låge bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.10.2011