Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestellet i Sogndal

Sogndal omsorgssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal omsorgssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Amtssjukehuset i Sogndalsfjøra

Det første «sjukehuset» i Sogn og Fjordane vart bygt i Sogndalsfjøra i 1819, og låg om lag der K-senteret seinare vart bygt på Fossetunet.

Dei første legane i Sogn

Den første offentlege legetenesta i Sogn vart organisert i 1802.

Garden Bahus der distriktslege Ole Benjamin Schøyen budde. I dag ligg Quality Hotel Sogndal der. Ukjend fotograf.

Garden Bahus der distriktslege Ole Benjamin Schøyen budde. I dag ligg Quality Hotel Sogndal der. Ukjend fotograf.

Den første jordmora

Tidleg på 1800-talet vart det sett i gang opplæring av jordmødre i Noreg. Før desse kom i arbeid, var det dei såkalla ”nærkonene” som måtte hjelpe til ved barnefødslar. Jordmoropplæringa gjekk for det meste føre seg i Oslo, og dei som tok den, fekk tilskot til utdanninga. Den første registrerte jordmora som ein kjenner til i Sogndal, var Sigrid Andersdotter Nes (1798-1887). Ho og ektemaken var registrerte som innerstar på garden Nes.

Frå legekontoret på Bahus.

Frå legekontoret på Bahus.

Helsesyster

Sogndal Sjukepleieforening vart skipa i 1903. Det første laget gjorde var å få tilsett Gjertrud Rygg (f. 1867) som den første helsesystera i kommunen.

Medlemene i Sogndalsfjærens vasslag er samla til dugnad for å grave grøft til vassleidning på Lundamyri i 1907. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Medlemene i Sogndalsfjærens vasslag er samla til dugnad for å grave grøft til vassleidning på Lundamyri i 1907. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndalsfjærens vasslag

Det første vassverket vart bygt då 563 huseigarar i Sogndalsfjøra gjekk saman og skipa Sogndalsfjærens vasslag i 1907. Vassposten på Almenningen/Plassen vart kalla Fjørespringen.

Aldersheim og sjukestove i Sogndal

Den første aldersheimen i Sogndal vart opna på Stedje i 1921.

Christine Leigh's Reconvalecenthjem

- sjå artikkelen: Aldersheim og sjukestove i Sogndal.

Sogndal alders- og sjukeheim

- sjå artikkelen: Aldersheim og sjukestove i Sogndal.

Sogndal omsorgssenter

- sjå artikkelen: Aldersheim og sjukestove i Sogndal.

Omsorgsbustader i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omsorgsbustader i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Tuberkuloselag

vart skipa i 1930 av Sigrid Mossige og Lucris Offerdal. Laget hjelpte m.a. tuberkulosetruga born slik at dei fekk hente gratis mjølk på meieriet. Laget vart oppløyst i 1953.

Folkebad i Sogndal

Folkebadet i Sogndal kom i drift kring 1935, og heldt til i ungdomshuset Solhov.

Alagoria i Labbastovene

Også i ”Labbastovene ” i Sogndalsfjøra gjekk det i alternativ medisin. Her heldt Nils Notsete til på 1940-talet. Nils blanda ulike miksturar som han selde til folk. Råstoffet skaffa han frå plantar og oljar og andre kjemikaliar som han fekk frå apotek i Bergen. Nils Notsete hadde spesielt godt sal av eit stoff som vart kalla Alagoria og som skulle hjelpe mot verk i armar og skuldrar når det vart blanda med syre, engelsk olje og karbonsyre.

Helse- og sosialsenteret i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Helse- og sosialsenteret i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjukehusplanar i Sogndal i 1964

Begge dei kombinerte distrikts- og fylkeslegane Trædal og Blaauw kom i si tenestetid opp i harde stridar om lokalisering av nye sjukehus i fylket.

Strid om dei psykiatriske tenestene

På 1980-talet vart det konfliktar mellom grannekommunane Sogndal og Luster om lokalisering av dei psykiatriske behandlingstilboda i indre Sogn.

Indre Sogn Psykiatrisenter på Rutlin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Indre Sogn Psykiatrisenter på Rutlin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2011