Helsestellet i Solund

Solundheimen, sjuke-og aldersheim på Hardbakke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kring 1800 herja stygge koppe-epidemiar m.a. i Solund. Presten Niels Griis Alstrup Dahl starta store vaksinasjonsprogram i prestegjeldet sitt, som den gongen omfatta søre delen av Solund kommune.
Også lepra, eller spillsykje, herja som ein farsott på Vestlandet på 1800-talet - særleg i kyststroka. I Solund var det t.d. registert 40 spillsjuke på ein gong.
Tyfus var heller ikkje ukjent: I 1846 døydde tre sysken på garden Steindal samstundes av sjukdomen.
Dei første distriktslegane i Sogn og Fjordane vart tilsette i 1801 - ein for Fjordane og ein for Sogn! Utover 1800-talet vart legetenesta delt opp. I lang tid hadde Solund felles distriktslege med Lavik, Brekke, Gulen, Solund og deler av Hyllestad. I 1893 vart Gulen og Solund utskilt som eige legedistrikt med kontor i Eivindvik. Solund fekk eigen distriktslege i 1940.
Kommunen har i årevis hatt problem med å få søkjarar til distriktslegestillinga. Kommunen var m.a. utan fast lege 1955-1956, 1957-1960, 1963-1965 og 1970-1974. Distriktslegen hadde frå 1940 til 1964 kontor og bustad i Sulen Sparebank. For å lokke fleire søkjarar, bygde kommunen legebustad i 1964.
Frå ca. 1946 hadde Karl N. Lambrechts dokterskyssen med eigen båt. I 1960 bygde kommunen dokter- og ambulansebåten «Sulingen» hos Brødrene Aa i Hyen. Kommunen fekk eiga jordmor i 1868.
I 1965 vart alders- og sjukeheimen Solundheimen bygd på Hardbakke, og seinare utvida i 1982.

Dette er MB Sulingen som Solund kommune fekk bygd på Brøderne Aa båtbyggeri i Hyen i 1959. Båten var lege- og ambulansebåt fram til 1968. Då vart han seld til Andreas E. Strømmen og seinare til Ole K. Notøy og var i ein del år skyssbåt i Ytre Sula.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 30.06.2010