Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestellet i Vågsøy

Kulatoppen omsorgssenter vart opna i 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kulatoppen omsorgssenter vart opna i 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Spedalsksjuke

– eller spillsykje – var den store folkesjukdomen på Vestlandet fram til Armauer Hanssen oppdaga leprabasillen under mikroskopet i 1872. Halvparten av alle sjukdomstilfella i Noreg var registrete på Vestlandet mellom Bergen og Møre. I 1856 vart det såleis registert 17 spillsjuke i Vågsøy. (Sjå elles Klostergodset i Selje kommune).

Firlingfødsel i Skramsbygda

I 1756 fødde Inger Kristinsdotter Skram, f. Vik frå Ålfoten firlingar. Dette skal vere den einaste kjende firlingfødselen i Nordfjord. Men borna var svake og vart difor heimedøypte straks etter fødselen med namna Mons, Gunhild, Magnhild og Ane. Alle døydde straks etter.

Legetenesta

Distriktslegetenesta i landsdelen vart organisert 1802 – med ein distriktslege for Sunnfjord og Nordfjord, buande i Innvik. Frå 1840 vart Nordfjord eige legedistrikt, og i 1858 vart Nordfjord delt i eit indre og eit ytre med distriktslege i Måløy. I 1866 vart Nordfjord igjen delt i tre, med eit ytre, midtre og indre legedistrikt. Distriktslegen i ytre budde framleis i Måløy, og dekte Selje, Vågsøy og bygdene frå Bryggja og Rugsund og vestover i gamle Davik kommune.

Det vart sikkert lang ventetid for mange av desse som var på spebarnkontroll hos dokter Paulsen i Måløy i 1959. Men som vi ser vart ventetida korta ned med kaffi og kaker.  Ukjend fotograf. Eigar: Gunvor Solvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det vart sikkert lang ventetid for mange av desse som var på spebarnkontroll hos dokter Paulsen i Måløy i 1959. Men som vi ser vart ventetida korta ned med kaffi og kaker. Ukjend fotograf. Eigar: Gunvor Solvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sist på 1800-talet slo det seg til eit par privatpraktiserande legar på Bryggja med etternamn Olsen og Bendiksen. Kor lenge dei budde der, er ukjent.

I 1912 fekk Davik kommune eigen distriktslege, busett på Bryggja, der det vart bygt legebustad. Vågsøy vart eige legedistrikt frå 1921 med Einar Strand som distriktslege. Han bygde Strandhuset ved Måløy kyrkje 1911, og planta mykje skog på Sæternes, som står den dag i dag. Han planta omlaga 100.000 furutre i utmarka si! Den har sidan vorte kalla Strandskogen.

Strand-villaen på Sæternes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strand-villaen på Sæternes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvinneleg tannlege i 1916

Ei av dei første kvinnene i Noreg som utdanna seg til tannlege var Solveig Scmidt Egeberg. Ho opna tannlegepraksis i Måløy i 1916. I omlag ti års tid før dette hadde tannlegar frå Ålesund og Florø hatt faste kontordagar i Måløy. Skuletannrøkt vart innført i Sør-Vågsøy i 1939. I Nord-Vågsøy innførte ein fri skuletannrøkt i 1943.

Skulehus vart sjukestove

I 1920 vart eit gamalt skulehus ominnreia til sjukestove på Midtgård i Måløy – på folkemunne kalla «sjukehuset». Bygget stod fram til 1970-talet, og var siste åra i bruk som realskulebygg.

Bryggja omsorgssenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bryggja omsorgssenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gamleheim på Bryggja

Dåverande Davik kommune bygde gamleheim på Bryggja 1958. Den vart utvida i 2005 og har no namnet Bryggja omsorgssenter.

Måløy gamleheim

Gamlehjemsforeningen (skipa 1925) fekk bygd Måløy Gamleheim i 1956. I denne vart det innreia fødestove og nokre få sjukeheimsrom.

Måløy gamleheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy gamleheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vågsøy sjukeheim

vart bygd på Gotteberg i 1978, og romma frå starten også kontor for distriktslege og folketannrøkt. Seinare fekk også sosialkontoret, barnevernet og PPT-tenesta plass i eit tilbygg til sjukeheimen. I 2004 opna kommunen ny sjukeheim på Kulatoppen på fastlandssida. I 2006 kjøpte selskapet Amonda Eiendom AS den gamle sjukeheimen på Gotteberg for å byggje den om til 36 husvere.

Vågsøy sjukeheim på Gotteberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vågsøy sjukeheim på Gotteberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veterinærtenesta

Frå 1898 fekk Nordfjord eigen amtsdyrlege (sjå Historia i Gloppen), og frå 1919 vart Ytre Nordfjord eige veterinærområde.

Apotek

Apoteket Måken i Måløy vart skipa 1921.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.04.2010