Hopp til innhold
X
Innhald

Hermetikkfabrikkane

På dette biletet frå 1959 ser vi Florø Hermetikkfabrikk til venstre, bak kyrkjetårnet. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette biletet frå 1959 ser vi Florø Hermetikkfabrikk til venstre, bak kyrkjetårnet. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjøpmannen på Handelsstaden Osmundsvåg ved Måløy, Christian Wiese var den første som starta produksjon av fiskehermetikk i Sogn og Fjordane i 1875.

Fana til Florø Hermetikkarbeiderforening. Foto: Olav Reiakvam.

Fana til Florø Hermetikkarbeiderforening. Foto: Olav Reiakvam.

I 1908 bygde Florø-mannen Elias Olsen saman med Bergensfirmaet Einar Hausvik, A/S Florø Conservesfabrik. (Same året starta Sognefjord Sardine Co. A/S hermetikkfabrikk på Hermansverk.

To år seinare slo eigarane av fabrikken i Florø seg saman med United Sardines Factory i Bergen, og bygde fylkets største hermetikkfabrikk i mur like ved sentrum. Hermetikkfabrikken vart raskt den største arbeidsplassen i Florø, med opptil 160 arbeidarar i sesongen. Den la ned all slags fiskehermetikk, og produserte mykje av emballasjen sjølv. Fabrikken vart lagt ned tidleg på 1930-talet.

Johan Gotteberg frå Måløy kjøpte anlegget i 1937. Han og familien dreiv til ut på 1950-talet, då nye eigarar tok over drifta under firmanamnet Florø Hermetikkfabrikk. I 1965 overtok hermetikk-konsernet Chr. Bjelland. I 1969 vart fabrikken totalskadd av brann. Ny fabrikk stod ferdig i 1972, men for å berge både denne og annan norsk hermetikkindustri gjennom krisa på 1970-talet, vart dei norske fabrikkane samla i Norway Foods. Fabrikken i Florø vart likevel stengd i 1987.

I 1988 overtok Domstein-konsernet i Måløy eigedomen og bygde den ut til lakseslakteri under namnet Florø Fiskeindustri A/S. Frå 2005 er det Slakteriet AS som eig anlegget.

Les meir: Fiskerihistoria i Flora.

Det tidlegare Domstein-anlegget i Florø, no Slakteriet AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare Domstein-anlegget i Florø, no Slakteriet AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.10.2011